I dag var det stor fest, for barnehagen og skulen på Reksteren hadde karneval.
På Reksteren er det tradisjon for at barnehagen og skulen er saman om å feira karneval. Dei eldste elevane på skulen har baka fastelavensbollar, dei dekka og borda og laga til i gymnastikksalen.
Barna synte fram dei fine kostymane sine. Alle stod i ring, og dei som førestilte den same figuren var inne i ringen og synte seg fram. Me andre fekk høyra kva dei var, og alle, både små og store måtte fram. Dei som er i barnehagen hadde øva inn nokre songar som dei andre kunne og, slik kunne alle fekk vera med og syngja saman.
Det smaka godt med fastelavensbollar og saft. Etterpå både song, dansa og leika me ei lang stund.. Karnevalet slutta med at dei slo "katta ut or sekken", så var det berre att å eta snopet i posen.